Slette post

Du kan slette dokument frå lista over dokument og bilag.

  1. Vel fana Innboks
  2. Vel mappa som inneheld dokumentet eller dokumenta du ønskjer å slette
  3. Merk dokumentet eller dokumenta du ønskjer å slette
  4. Trykk på knappen Slett
  5. Trykk på OK for å stadfeste slettinga

Dokumenta blir flytta til papirkorga. Her blir dei sletta automatisk etter 30 dagar.

Når eit dokument først er sletta frå papirkorga, kan du ikkje gjenopprette det.

Du kan alltid gjenopprette posten din før dei 30 dagane er gått, ved å gå til papirkorga og flytte dokumenta over i ønskt mappe.