Er det mogeleg å dele post med andre?

Du kan dele posten din med andre brukarar ved hjelp av funksjonen Gi andre tilgang. Det vil seie at du til dømes kan gi ektefellen din eller andre tilgang til all posten din eller til utvalde mapper.

Dersom du vil gi ein annan brukar tilgang til delar av eller all posten din, gjer du det på denne måten:

  • Trykk på Meny og vel Innstillingar
  • Vel menyalternativet Tilgang
  • Trykk på knappen Gi andre tilgang

Her oppgir du opplysningar om brukaren som skal ha tilgang. Du må oppgi eit namn på tilgangen, slik at du finn han att – det vanlege er å bruke namnet på den du gir tilgang til. Du må i tillegg velje om det er ein person, ei verksemd eller ein bestemt medarbeidar i ei verksemd, identifisert med RID-nummeret på medarbeidarsertifikatet, som skal få denne tilgangen. Til slutt vel du ein tryggleikskode som du sjølv bestemmer. Koden gir du til brukaren som skal ha tilgang, og vedkommande skal skrive inn koden ved første pålogging for å aktivere tilgangen og få tilgang til posten din. I neste trinn vel du om brukaren berre skal ha lesetilgang til utvalde mapper, om brukaren også skal kunne gi nytt namn til, flytte og slette post, eller om brukaren skal ha administrasjonstilgang og kunne handsame all posten din frå alle mapper.

Når tilgangen er oppretta, må brukaren du har gitt tilgang, logge på og aktivere tilgangen. Det gjer ein slik:

  • Trykk på Meny og vel Innstillingar
  • Vel menyalternativet Tilgang
  • Trykk på knappen Aksepter for den nye tilgangen
  • Oppgi tryggleikskoden som blei tasta inn ved opprettinga, og så er tilgangen aktivert. Ein kan vise posten ved å velje kva for brukar ein vil vise post for øvst til venstre på Mitt overblikk