Eg har ikkje fått varsel på e-post om ny post

Dersom du har ny post, men ikkje har fått ein e-post eller SMS om det, kan det vere fleire årsaker til dette:

  • Du har ikkje oppgitt ei e-postadresse, eller det er feil i e-postadressa. Rett opp e-postadressa under Meny, Innstillingar, Profil.
  • Du har valt bort varsel om ny post. Kontroller innstillingane for Varsel om ny post under Meny.
  • Du har allereie lese dokumentet. Det blir ikkje sendt ut melding om ny post dersom du allereie har lese dokumentet.
  • E-post om ny post kan bli fanga opp av eit spamfilter anten på datamaskina di eller hos e-postleverandøren. Du kan oppgi ei ekstra e-postadresse til varsel om ny post for at sikre at det blir sendt varsel til ulike e-postadresser. Dersom du har installert eit spamfilter, eller dersom e-post-/Internett-leverandøren din bruker dette, må du syte for at e-post blir sendt til deg frå domenet e-boks.no eller adressa besked@advisering.e-boks.no. Dette gjer du i ditt eige spamfilter eller ved å kontakte leverandøren.
  • Du har oppgitt e-postadressa di på profilen din, men har ikkje stadfesta ho. Gå til Meny, Innstillingar, Profil og vel Send ut varsel om stadfesting på nytt. Følg deretter instruksjonane i e-posten du får tilsendt, for å stadfeste og aktivere e-postadressa.