Kvifor får eg post som eg ikkje har registrert meg for?

Dersom du får post som til dømes lønnsslippen din, utan at du har registrert deg for å ta imot post frå avsendaren, kjem det av at arbeidsgivaren har valt å sende ut posten din digitalt og har inngått ein avtale med deg om dette på annan måte. Avtalen kan til dømes vere oppretta som ein del av tilsetjingsavtalen din, nettbankavtalen eller liknande. Har du spørsmål i samband med dette, må du kontakte avsendaren.