Melde seg av mottak av post frå ein avsendar

Under Meny, Registreringar, Mine registreringar kan du alltid sjå kva for avsendarar du er registrert hos og kan ta imot post frå.

Du kan alltid melde deg av mottak av post frå ein avsendar ut frå lista over avsendarar, med mindre du får posten digitalt som ein del av ein annan avtale – til dømes ein tilsetjingsavtale eller ein avtale om bruk av nettbank. Dersom dette er tilfelle, må du i staden kontakte avsendaren direkte.

Melde seg av mottak av post:

  • Vel Meny og deretter Innstillingar
  • Vel Mine registreringar
  • Finn avsendaren du ønskjer å melde deg av mottak av post frå, og vel Sjå kva du kan få tilsendt
  • Meld deg av mottak av all post frå avsendaren ved å velje Avmeld øvst på sida, eller meld deg av mottak av enkelte typar post i lista over kva typar post du kan få
  • Klikk på OK for å stadfeste avmeldinga
  • Merk! Enkelte avsendarar kan krevje at avmeldinga skal skje via avsendaren og ikkje her på sida. Det får du i tilfelle melding om når du prøver å melde deg av frå avsendaren. Då må du kontakte avsendaren direkte for å få opplyst korleis du skal melde deg av.