Kvifor kan eg ikkje få all post frå ein avsendar digitalt?

Enkelte avsendarar har enno ikkje lagt om alle systema sine til å kunne sende post til e-Boks og Digital Post. Det kan innebere at du berre kan ta imot bestemte typar post frå den aktuelle avsendaren, og at det kjem til fleire typar post seinare. Dersom du har spørsmål om kva du kan få digitalt frå ein bestemt avsendar, bør du kontakte avsendaren direkte.