Eg ser ikkje posten min i Internet Explorer

Dersom du har problem med å vise posten din, nettlesaren heng seg opp eller viser ei blank side, kan det komme av feil i Internett-innstillingane til nettlesaren. Ein kan ofte løyse problemet ved å tilbakestille til standardinnstillingane.

  1. I Internet Explorer vel du Verktøy og deretter Alternativer for Internett
  2. Vel fana Avansert
  3. Trykk på knappen Gjenopprett avanserte innstillinger
  4. Trykk på OK og lukk alle vindauga i nettlesaren

Start nettlesaren på nytt og logg på e-Boks. Dersom du framleis ikkje kan sjå posten din i e-Boks, kan det komme av at det har oppstått ein feil under installasjonen av programmet Adobe Reader. Det kan ein løyse ved først å avinstallere programmet frå datamaskina og deretter installere den nyaste versjonen.