Eg har fått varsel om ny post, men ser ikkje noko nytt

Det kan vere fleire årsaker til at du får varsel om ny post, men likevel ikkje med det same kan sjå at det har komme nokon ny post. Vanlege årsaker til dette:

  • Du eller ein brukar som du har gitt tilgang til, har allereie lese det nye dokumentet.
  • Ein annan brukar, til dømes ektefellen din, har oppgitt di e-postadresse som mottakar av varsel om ny post. Varselet om ny post gjeld då post til denne brukaren og ikkje post til deg.

Du kan syte for at varsel om ny post er til deg, ved å oppgi namnet ditt under Innstillingar. Då vil namnet ditt stå i emnefeltet i det varselet som blir sendt når du har motteke ny post. Slik kan du vere sikker på at varselet handlar om post til deg og ikkje om post til ein annan brukar:

  • Vel Meny øvst til høgre, og trykk på Innstillingar
  • Trykk på knappen Rediger profil
  • Oppgi namnet ditt og trykk på OK