Bli avsendar

Spar pengar

Verksemda di får dessutan betre høve til å kommunisere digitalt med kundane og medarbeidarane. Uansett om det er snakk om rekningar, oppgjer, lønnsslippar eller andre typar brev, er e-Boks eit meir moderne og mykje billegare alternativ enn vanleg post.

Kom raskt i gang

For å bli avsendar i e-Boks må verksemda di kunne levere posten i eit digitalt format som e-Boks bruker. Dersom verksemda di nyttar ein samarbeidspartnar til å handtere post/utdata, kan det hende at denne partnaren alt har høve til å levere posten din digitalt, sidan e-Boks i dag får sendingar frå fleire store utskrifts-/konverteringspartnarar.

Ei verd av moglegheiter

Som avsendar i e-Boks kan du lett flytte ressursar frå utsending og administrasjon til betre kundeservice.

  • Send dokument og bilag digitalt gjennom e-Boks og spar om lag 80 %
  • Legg til svaralternativ, slik at kunden kan svare digitalt direkte gjennom e-Boks – enkelt og greitt
  • Integrer e-Boks med dei administrative systema til bedrifta og spar manuelle arbeidsprosedyrar
  • Integrer e-Boks i den eksisterande kundeportalen til bedrifta og gi kundane ekstra nytteverdi
  • Få digital tilgang til dokumenta kundane har fått frå verksemda di, og gjer livet for telefonbasert kundeservice enklare

Med e-Boks blir kundeservicen både digital og mobil – og det i seg sjølv er ein vesentleg ekstraverdi for mange av kundane dine.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir, er du velkommen til å kontakte oss.