Kva er skilnaden på "Mitt overblikk" og innboksen?

Mitt overblikk er det første som møter deg når du loggar på. Her har du direkte tilgang til all posten din, som i utgangspunktet blir vist i kronologisk rekkefølgje, saman med viktige meldingar frå e-Boks, nyheiter m.m. Her har du altså tilgang til all viktig informasjon saman med all posten din. Du kan òg velje å arbeide med posten i dine eigne mapper, og sortere han etter ønske, ved å velje Vis posten i mapper i menyen til venstre. Når du vel Vis posten etter avsendarar, blir den same posten automatisk sortert etter avsendar, og du kan enkelt finne post frå ei bestemt verksemd eller myndigheit.

Uansett korleis du vel å arbeide med posten din, er det den same posten du arbeider med alle stader. Dersom du til dømes slettar eit emne i Mitt overblikk, blir dette emnet òg sletta i innboksen og i arkivet.