Vi har gjort e-Boks betre

I den nyaste utgåva av e-Boks har vi endra og betra ei rekkje funksjonar, mellom anna

  • Automatisk arkivering og reglar for flytting av post
  • Varsel ved ny post

Automatisk arkivering og reglar for flytting av post

Tidlegare gjekk ein inn på fana Registreringar for å opprette arkiveringsreglar for kvar enkelt avsendar. No gjer ein i staden dette under Innstillingar, Reglar. Dei arkiveringsreglane du allereie har oppretta, ligg no her i staden. Under Reglar kan du òg opprette nye reglar for kva type post som skal flyttast til kva for mapper, på ein intuitiv måte.

Varsel om ny post

I utgangspunktet får du alltid eit varsel når det kjem ny post i innboksen.

Ønskjer du å velje bort varsel om ny post for spesifikke avsendarar, kan du gjere det under Innstillingar, Varsel om ny post. Du kan dessutan velje å få varsel om ny post på SMS, dersom den enkelte avsendaren tilbyr denne tenesta.