Korleis er eg sikra mot at dei tilsette i e-Boks får innsyn i dokumenta og opplysningane mine?

Dei tilsette i e-Boks har ikkje tilgang verken til dokumenta eller personopplysningane dine. Bortsett frå nokre ganske få tilsette som har autorisasjon til å halde ved like, rette og teste dei aktuelle systema, har ingen tilsette tilgang til dokumenta eller personopplysningane dine. e-Boks rettar seg sjølvsagt etter alle lovmessige krav når det gjeld vern av personlege data, inklusive tryggleiksmeldingar som krev at alle hendingar i systemet i samband med persondata blir registrerte (logga) med tanke på kva person som har hatt tilgang, har endra eller sletta personlege data. Den fysiske tilgangen til e-Boks er òg underlagd tryggingstiltak som hindrar at tilsette utan autorisasjon eller folk utanfrå får tilgang/kjennskap til personlege data.