Korleis veit eg at det er e-Boks eg har forbindelse med?

Eit ikon i nettlesaren viser at forbindelsen mellom nettlesaren din og e-Boks er sikker når du har logga på. Ikonet ser ut som ein hengjelås i Internet Explorer, og kjem fram til høgre i adresselinja til nettlesaren. Dersom du klikkar på ikonet, ser du at du er kopla til e-Boks, fordi sertifikatet er utferda til e-boks.no.