Slik får du meir ut av e-Boks

Tips til korleis du kan utnytte e-Boks best mogeleg:

  • Oppdater profilopplysningane dine (namn, e-post og mobilnummer)
  • Registrer deg for mottak av post frå offentlege myndigheiter
  • Registrer deg for mottak av post frå alle dei private avsendarane som er relevante for deg
  • Registrer deg for mottak av nyheitsbrev frå e-Boks
  • Opprett dine eigne mapper, dersom du ønskjer å sortere posten din i eigne mapper, og opprett reglar for automatisk sortering
  • Bruk e-Boks frå smarttelefonen/nettbrettet

Kvifor skal du bruke tid på dette?

Når du har full kontroll på profilopplysningane dine, er du sikker på at du alltid får varsel om ny post.

Di fleire avsendarar du registrerer, di meir nytte har du av e-Boks.

Du kan opprette arkivmapper og lage arkiveringsreglar for kvar enkelt avsendar/posttype for å få betre oversikt over posten din.

Du kan òg bruke e-Boks frå alle smarttelefonar/nettbrett med appar til Android-, iOS- og Windows Phone-plattforma.