Du kan gi ein annan brukar tilgang til posten din. Dette kan særleg vere praktisk dersom det til dømes er ein i husstanden som tek hand om rekningsbetaling og liknande. Vedkommande treng då berre logge på éin gong for å sjå sin eigen og til dømes ektefellen sin innboks.
- Vel fana Innstillingar
- Vel menyalternativet Gi andre tilgang
- Trykk på knappen Ny tilgang
- Oppgi følgjande under 1. Profilopplysingar og trykk deretter på knappen Neste
- Dersom du ikkje har oppgitt eit namn under Innstillingar, skal du gjere dette på første trinn. Namnet blir brukt til å identifisere deg overfor brukaren du gir tilgang til.
- Oppgi følgjande under 2. Opprett brukar og trykk deretter på knappen Neste
- Oppgi eit namn for tilgangen (eventuelt namnet på den brukaren du gir tilgang til)
- Som identifikasjon oppgir du fødselsnummeret til brukaren du ønskjer å gi tilgang til
- Gi opp eit passord som ekstra tryggleik, dersom du til dømes skriv inn feil fødselsnummer. Dette passordet skal brukaren du gir tilgang til, skrive inn første gongen han/ho bruker tilgangen (du må sjølv hugse å formidle dette passordet til brukaren)
- Oppgi følgjande under 3. Tildel rettar og trykk deretter på knappen Neste
- Vel rettane du ønskjer at brukaren skal ha, og eventuelt kva for mapper du vil gi tilgang til
Tilgangen er no oppretta og kan takast i bruk med det same. Brukaren du har gitt tilgang, treng berre logge på og velje å aktivere tilgangen frå framsida. Det gjer han ved hjelp av tilgangskoden du har oppgitt.