Opne, flytte, slette og gi nytt namn til post

Du kan velje å arbeide med posten din på ulike måtar. Uansett kva metode du bruker, er det alltid den same posten du ser – han blir berre sortert på ulike måtar:

  • Direkte frå Mitt overblikk: Du kan arbeide med posten direkte frå Mitt overblikk , som er det første som møter deg når du loggar på. Her kan du vise all posten din i kronologisk rekkjefølgje saman med viktige meldingar frå e-Boks og hjelp og forslag til korleis du kan dra mest mogeleg nytte av e-Boks og Digital Post.
  • Organiser posten i dine eigne mapper: Ved å velje Vis posten min i mapper i menyen til venstre kan du velje å arbeide med posten i ein struktur som du sjølv bestemmer ved å opprette dine eigne mapper.
  • Organiser posten etter avsendarar: Ved å velje Vis posten min etter avsendar kan du sortere posten automatisk etter kven som er avsendar.

Opne og lese post

  • Finn posten du ønskjer å vise, anten frå Mitt overblikk, frå Vis posten min i mapper eller frå Vis posten min etter avsendar
  • Klikk på emnet du vil vise, for å opne det

Gi nytt namn til post

  • Finn posten du ønskjer å vise, anten frå Mitt overblikk, frå Vis posten min i mapper eller frå Vis posten min etter avsendar
  • Merk av for emnet du vil gi nytt namn til, ved å hake av i boksen til venstre for dokumentet
  • Vel Meir blant postfunksjonane over lista med post og klikk på Gi nytt namn . Gi nytt namn til posten og trykk på OK

Flytte post

Du kan flytte post eller dokument frå éi mappe til ei anna på to måtar: Anten

  • Finn posten du ønskjer å flytte frå Mitt overblikk, Vis posten min i mapper eller Vis posten min etter avsendar
  • Merk emnet eller emna du ønskjer å flytte
  • Vel Flytt frå postfunksjonane over lista med post
  • Vel mappa du ønskjer å flytte posten til
  • Klikk på OK

Eller

  • Finn posten du ønskjer å flytte frå Mi oversikt, Vis posten min i mapper eller Vis posten min etter avsendar
  • Merk emnet eller emna du ønskjer å flytte
  • Hald nede venstre museknapp mens du trekkjer emna til den mappa du ønskjer å flytte dei til
  • Slepp museknappen for å gjennomføre flyttinga. Ver merksam på at du kan opprette ei ny mappe i samband med flyttinga

Slette post

  • Finn posten du ønskjer å slette frå Mitt overblikk, Vis posten min i mapper eller Vis posten min etter avsendar
  • Merk emnet eller emna du ønskjer å slette
  • Vel Slett frå postfunksjonane over lista med post. Klikk på OK for å stadfeste slettinga. Når du vel å slette post, blir dei valde emna flytta til papirkorga, der blir dei sletta permanent etter 30 dagar. Dersom du angrar på at du har sletta post, må du innan 30 dagar flytte posten frå papirkorga til ei anna mappe. Når post blir sletta frå papirkorga, er han permanent sletta og kan ikkje gjenopprettast