Arkivere post etter reglar

Du kan opprette reglar for å sortere posten automatisk i eigne mapper. Slik får du posten enkelt sortert i ditt eige arkiv på den måten du sjølv ønskjer det. Du kan opprette reglar slik at dei gjeld for all post eller berre for bestemte typar post frå bestemte avsendarar. Du kan til dømes velje å arkivere all post frå ei bestemt myndigheit eller verksemd i ei spesifikk mappe. Du kan opprette reglar for arkivering av post slik at posten blir arkivert automatisk når du får han, eller slik at du sjølv utfører arkiveringa frå innboksen din ved å velje posten som skal arkiverast, og klikke på Arkiver i postfunksjonane over lista med post. Arkivere automatisk ved hjelp av reglar:

  • Vel Meny øvst til høgre, og trykk deretter på Innstillingar
  • Vel menyalternativet Reglar på venstre side
  • Vel kva for type regel du vil opprette:
    • Generelle reglar gjeld for all motteken post
    • Avsendarspesifikke reglar gjeld berre for post frå den aktuelle avsendaren
  • Vel kva for mappe posten skal arkiverast i
  • Vel arkiveringa når posten kjem inn

Arkivere manuelt ved hjelp av reglar:

  • Ein opprettar reglane som ovanfor
  • Når du opprettar ein regel, må du velje at regelen berre skal brukast når brukaren sjølv klikkar arkiver (Manuelt)
  • Gå til innboksen under Vis post i mapper
  • Merk av for dei emna som skal arkiverast i mapper
  • Klikk på Arkiver i postfunksjonane over dokumentlista
  • Dei valde emna blir no fordelte i arkivmappene ut frå dei reglane du har sett opp