Kor mykje plass har eg til disposisjon?

Du har uavgrensa plass til post som du får frå ulike avsendarar. I tillegg har du 1GB plass til eigne dokument, som du sjølv lastar opp til arkivet ditt. På sida der du lastar opp dokument, kan du sjå kor mykje plass du har til disposisjon:

  1. Vel Vis posten min i mapper eller Vis posten min etter avsendar
  2. Vel den mappa der du ønskjer å leggje til eigne dokument (det er ikkje viktig kva for mappe du vel, dersom du berre vil sjå kor mykje plass du har tilgjengeleg)
  3. Vel Last opp dokument i høgre hjørne, så ser du kor mykje plass du har att