Få varsel når det kjem ny post

Vi sender eit varsel på e-post når det kjem ny post, for å vere sikre på at den posten verksemda får, bli lesen.

Mogelegheiter og oppsett er avhengig av om verksemda di nyttar standard funksjonalitet eller utvida funksjonalitet.

Ved bruk av standard funksjonalitet får du alltid varsel når det kjem ny post. Varsel om ny post blir sendt til den eller dei e-postadressene som er oppgitte under Innstillingar / Min profil. Du kan oppgi opptil to e-postadresser.

Dersom verksemda di har valt å bruke utvida funksjonalitet, er det mogeleg å knyte ei varslingsteneste til kvar einskild mappe. Då kan ein oppgi to e-postadresser for kvar einskild mappe, og på den måten kombinere varslingstenesta med reglane for fordeling og arkivering.

Verksemda kan lage eit detaljert system for kven som skal få varsel om ny post, ved å opprette reglar som kan flytte post automatisk til bestemte mapper. Dersom éin person skal ha melding om ny post frå til dømes eit forsikringsselskap og ein anna om ny post frå arbeidsmarknadsetaten, er dette no mogeleg å få til.