Du kan vise posten din direkte frå Mitt overblikk, som er det første som møter deg når du loggar på. Her har du tilgang til all post du har fått, og du kan vise posten ved å klikke på det emnet du ønskjer å opne. Posten blir i utgangspunktet alltid vist i kronologisk rekkjefølgje i Mitt overblikk. Du kan òg velje å sortere posten i eigne mapper ved å velje Vis posten i mapper i menyen til venstre, eller du kan få posten sortert automatisk etter avsendar ved å velje Vis posten etter avsendarar. Uansett korleis du vel å arbeide med posten din, er det den same posten du arbeider med. Dersom du slettar eit emne ein stad, slettar du også dette emnet alle andre stader.