Oppretting av varsel om ny post er avhengig av om verksemda di nyttar standard funksjonalitet eller utvida funksjonalitet.

Standard funksjonalitet:

Det er mogeleg å melde seg av varsel ved ny post for utvalde typar post. Det gjer det mogeleg for dykk å berre ta imot varsel dersom de meiner det er relevant.

Slik gjer du det:

  • Gå til Innstillingar
  • Vel Varsel om ny post
  • Klikk på Vel bort varsel om spesifikk post
  • Søk etter avsendaren du vil velje bort varsel om ny post frå
  • I oversikta over meldingstypar fjernar du merket for dei typane du ikkje ønskjer å få varsel om
  • Klikk OK

Utvida funksjonalitet:

Når ein nyttar utvida funksjonalitet, vel ein bort varsel om ny post ved å endre innstillingane for dei enkelte mappene og fjerne eventuelle e-postadresser som er konfigurerte til å ta imot varsel om ny post i mappa. Varsel om ny post er altså knytt til mappa og ikkje til avsendaren. Dersom ein ikkje ønskjer å få varsel om bestemte typar post, kan ein opprette ei mappe til denne posten og definere ein arkiveringsregel som flyttar posten til mappa. Ein lèt deretter vere å aktivere varsel om ny post.