Opprette og halde ved like mapper

Eigne mapper

Du kan opprette dine eigne mapper og bruke desse til å arkivere posten din etter den strukturen du sjølv ønskjer.
Du kan opprette så mange mapper du vil, og lage mappehierarki. Dermed kan du byggje opp akkurat den strukturen som passar for deg. Mappene kan du bruke saman med reglar for arkivering av post, slik at posten blir sortert automatisk i dei ønskte mappene.

Mappefunksjonar
Under Vis posten i mapper i menyen til venstre finn du mappefunksjonane samla i menylinja over mappehierarkiet. Trykk på Opprett mappe eller Meir og få tilgang til desse mappefunksjonane:

  • Opprett ei ny mappe/undermappe: Som ein del av opprettinga vel du kvar i hierarkiet mappa skal opprettast.
  • Flytt ei mappe: Flytt ei mappe til ei anna plassering i mappehierarkiet.
  • Slett ei mappe: Slett ei mappe. Mappa (eller undermapper) kan ikkje innehalde dokument.
  • Gi nytt namn til ei mappe: Her kan du sjølv gi namn til mappa.
  • Kopier ein mappestruktur: Kopier eit hierarki av undermapper utan innhald til ei anna mappe.

Opprett ei mappe

  • Vel Opprett mappe
  • Skriv inn eit namn på mappa i feltet Mappenamn
  • Vel ei plassering for den nye mappa i lista over mappenamn
  • Klikk på OK