For å kunne bruke e-Boks frå mobile einingar må du først aktivere mobiltilgang ved å logge på e-Boks frå ei datamaskin og aktivere mobiltilgang under Meny, Innstillingar, Mobiltilgang.

Tilgang til e-Boks frå mobile einingar kan opprettast ved hjelp av fødselsnummeret ditt og ein tilgangskode som du lagar sjølv. Første gong du skal bruke e-Boks frå ei mobil eining, må du i tillegg skrive inn ein aktiveringskode, som du får når du aktiverer tilgangen til e-Boks frå mobile einingar.

Aktiveringskoden blir nytta til å knyte den mobile tilgangen til bestemte mobiltelefonar eller andre mobile einingar. Aktiveringskoden er med på å heve tryggleiksnivået over vanlege pinkodeløysingar, som berre krev eit brukarnamn og eit passord.

Pinkoden og aktiveringskoden skal behandlast som fortrulege opplysningar, og du må ikkje oppbevare pinkoden eller fødselsnummeret på den mobile eininga. Dersom du får mistanke om nokon har fått vite pinkoden eller aktiveringskoden, eller dersom du mister den mobile eininga, må du passe på å endre kodane i e-Boks under innstillingar. Då kan ein ikkje lenger nytte dei gamle kodane til å få tilgang til e-Boks.

I løpet av 2014 får e-Boks dessutan støtte for den nye javascriptbaserte versjonen av NemID, som ein òg kan bruke frå mobile einingar.