Dersom det er nødvendig å melde nokon av e-Boks i samband med dødsfall, må ein sende skjemaet nedanfor og ein kopi av skifterettsattesten til e-Boks.

Dersom nokon til dømes mister ektefellen sin, skal den etterlatne sende ein førespurnad om å få oppretta tilgang til den avdøde sin e-Boks (fødselsnummer) frå ektefellen sin e-Boks (fødselsnummer) inkludert ein kopi av skifterettsattest om uskifta bu.

Dersom ektefellen har sett ein annan til å administrere sjølve skiftet (til dømes dotter/son), skal skiftefullmakt leggjast ved. Dersom skiftefullmakt er gitt til fleire personar, skal desse i fellesskap bestemme kva for e-Boks dei ønskjer tilgang frå, ettersom e-Boks berre kan opprette ein enkelt tilgang.

Dersom ein gjennomfører privat skifte ved dødsfall, som oftast til etterlevande barn, skal ein sende inn ein kopi av skifterettsattest for privat skifte inkl. ein førespurnad om å få oppretta tilgang til avdøde sin e-Boks (fødselsnummer) frå arvingen sin e-Boks (fødselsnummer).

Er det fleire arvingar, skal ein sende inn skiftefullmakt. Dersom skiftefullmakt er gitt til fleire personar, skal desse i fellesskap bestemme kva for e-Boks dei ønskjer tilgang frå, ettersom e-Boks berre kan opprette ein enkelt tilgang.